På leiting med Olav Duun

Ei dramatisert lesing av tre forteljingar

Ei dramatisert lesing av tre forteljingar

30. oktober - 14. november

Forestilling

Olav Duun budde heime til han var 25 år – med gode historier og eventyr som ein del av kvardagen. I tillegg til hans store romanproduksjon, skreiv Duun også mange noveller og historier der gjenklangen frå forteljarrikdomen i Trøndelag står sterkt.

I prosjektet På leiting med Duun tek vi med oss tre av desse historiene og gjev dei liv gjennom ei enkel scenisk ramme der sjølve teksten og formidlinga av den står i sentrum. Såleis tek vi dei attende til dei gamle forteljartradisjonane og let Duun vera med oss vidare som ein av Trøndelag sine store skattar.

I Duun si dikting finn vi tre sentrale og tilbakevendande tema: Havet, døden og kjærleiken. Karakterane i bøkene hans liknar kvarandre og dei vert ofte stilt overfor dei same dilemma og livsvala: Kampen mellom det gode og vonde, å velje det rette og å overvinne motstand. I desse forteljingane ser vi konturane av Duun sitt rike litterære univers. Men dei skil seg og frå dei sentrale verka gjennom ein vilje til utforsking og leik – det er som om han er på leiting med eit vidare sinn når det gjeld formspråk i desse tekstane. I På leiting gjev Duun oss ei blanding av realisme og eventyr som gjer oss i stand til å forundre oss over livet.

TRE TEKSTAR FRÅ DUUN SI RIKE VERD

Frå Løgelege skruvar og anna folk:

Um morgonen slik fortel om det trøysteslause slitet for ei kjerring med ein umogleg kall. Ei humoristisk kvardagsskildring som er å kjenne igjen.

Frå Gamal Jord, Sogor frå Namdalen:

Jørgen Jensa er ein drivanes arbeidskar og spåmann. Og i Jørgen kan ein kjenne igjen fleire av Duuns meir kjende karakterar frå seinare dikting.

Frå Vegar og villstig:

På leiting – her kombinerer Duun ein tidvis brutal realisme med eventyrsjangeren i forteljinga om tenestejenta som vart med barn og som når ho vert gamal går ut for å leite etter barnet som ho var tvungen til å gje frå seg.

RAGNHILD VANNEBO - EIT LIV MED DUUN

Ragnhild Vannebo har formidla Duun i over 50 år, både som dramatikar, instruktør og skodespelar. Ho er spesielt kjend for sine Duun-monologar: «Lea på Stranda» og «Tale på Trænet», der ho gjev eit skråblikk på dei mest kjende karakterane hos Duun og deira historie. Turnéteatret i Trøndelag er svært stolte over å ha ein Duunkjennar som Ragnhild Vannebo på scenen når vi no skal ut på leiting saman med Duun.

Av: Olav Duun
Regi: Nora Evensen
Med: Ragnhild Vannebo