Turneteateret | Jakob og Neikob - Naboen

Jakob og Neikob - Naboen

Ei humoristisk og musikalsk reise inn i det ukjende.

Ei humoristisk og musikalsk reise inn i det ukjende.

13. november - 16. desember

Forestilling • Barn og Familie

Jakob og Neikob er to gode venner som bur i lag, men er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt, medan Neikob seier NEI til alt. No har dei to vennene akkurat oppdaga at dei har fått ein ny nabo. Jakob blir glad, men Neikob er skeptisk og vil ikkje treffe den nye naboen. Neikob synest dei har det heilt fint som dei har det. Jakob vil gjerne bli kjend med naboen, det kan jo hende det er ein ny venn som har flytta inn? Men Neikob minnar Jakob på at ein ikkje skal snakke med framande, og så er dei begge redde for naboen. Kva om han er eit monster?

Kari Stai sine bøker om Jakob og Neikob har blitt moderne klassikar for barn.

Bli med Jakob og Neikob på ei reise inn i det ukjende, og sjå korleis historia deira endar godt først når dei to samarbeider.

Prislønna draumelag

Regissør Morten Røsrud leier eit kunstnariske draumelag med Mari Lotherington (scenografi og kostymedesign) og Andreas Wangsbro (komponist og lyddesign). Saman vann dei tre Heddapris for Beste Barneforestilling (2018) med "Tobias og dagen det smalt". Simen Høy Asheim (lysdesign), fast ansatt ved Turnéteatret i Trøndelag, er nytt tilskott til draumelaget.

Helsing frå Kari Stai

Naboen, står deg geografisk sett nærmast. Ein nabo er ein vi deler noko med – grensa mellom oss. Korleis dele grense, denne usynlege streken? Korleis skal grensa vere? Skal det vekse blomar der, skal det settast opp straumgard? Snubletråd? Mur, eller luft?

Det har vore ein fryd å la regissør Morten Røsrud og få leike mitt bokunivers vidare. Dette har han gjort i tett samarbeid med skodespelarar, kostyme- og scenografi-skapar, lyd- og lysdesignarar. Og i leiken bør det iallfall ikkje vere grenser å snuble i. Eg har også vore med i dette store VI-et, og fått oppleve at det eg har gitt form til i bok-format har fått eit større format. Med kjøtt og blod. Meir djupt. Større rom for å ta store spørsmål innover seg i.

Team Røsrud har saman gjort dimenasjonane større, spørsmåla meir dirrande og svara meir opne. Men er det ikkje vanskeleg å legge bøkene dine i andre sine hender? spør nokon i blant. Ja og Nei. Det er fjerde gong Jakob og Neikob er på teaterscenen. Da er det fint at det for kvar gong går vidare. Det har dette teamet turt – drista seg lengre ut, og inn – til kjernen av filosofien. Dette med stor kunstnarisk kompetanse, forståing og innstilling i alle ledd. Da er det ei sann glede å «legge bøkene i andre sine hender». Og ei stor ære å få vere med i samspelet. Det kunne jo vore forstyrrande også, å ha forfattaren med. Men VI-et har vore det gjeldande heile vegen. Spennande samtalar har det blitt på vegen, som igjen har innverka på korleis eg vil ta mitt arbeid vidare. Takk for denne forstyrringa.

Kari Stai

«Leken med ord er til tider nydelig, og det stilles spørsmål som fører til undring og ettertanke for både små og store.»

Ellen Marie Stølan, Trønder - Avisa

«... fabelaktig fra første sekund.»

Ole Jacob Hoel, Adresseavisen

Basert på boka av: Kari Stai
Regi: Morten Røsrud
Scenografi og kostymedesign: Mari Lotherington
Lyddesign: Andreas Wangsbro
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Nami Kitagawa Aam
Petronella Ibsen-Børnik
Sindre Strand Offerdal

Ordinære Forestillinger