Folkehelsa

Ungt, tøft og tankevekkande om det overmette Noreg

Ungt, tøft og tankevekkande om det overmette Noreg

31. mars - 28. april

Forestilling

Undersøkingar viser at vi nordmenn blir rikare og rikare, og samstundes mindre og mindre lykkelege.

Folkehelsa er eit tett kammerspel, der handlinga går føre seg ved middagsbordet til Silje og Egil. Rundt bordet sitt ulike familiemedlemmer. Dei slit med å snakke saman.

Folkehelsa er Carl Frode Tillers første skodespel. Det blei skrive i 2007 og fekk strålande meldingar. Med si heilt sjeldne innsikt i rollespel og hersketeknikkar har Tiller skapt karakterar som misforstår kvarandre og kranglar, sjølv om dei i eigne auge har gode intensjonar. Slik oppstår det godt og tragikomisk skodespel av. Dette er forteljinga om det overmette Noreg, der det einaste som av og til bind familiane saman, er maten.

I Nord-Trøndelag Teater si utgåve av Folkehelsa er det ikkje berre dramatikaren som er av trøndersk opphav med nasjonal og internasjonal merksemd. Regissør Maren Elisabeth Bjørseth frå Stjørdal er av Aftenposten trekt fram som eit av landets fem største unge regitalent.

Av: Carl Frode Tiller
Regi: Maren Elisabeth Bjørseth
Scenografi og kostymedesign: Nora Furuholmen
Komponist: Gudmund B. Skjær
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Kostymemakar/rekvisitør: Berit Haltvik With
Med: Mira Dyrnes Askelund
Lina Hindrum
Julie Moe Sandø
Erik Bauck Bårstu
Kristoffer Veiersted