Skal du på martna? Sjå opp for den hemnsjuke og munnrappe Västmannen.

"Er det bare en ting du skal gjøre på Rørosmartnan så er det å se Västmannen. Da skjønner du hva Martnan handler om. Og du blir glad i mennesker og hester, og i historien vår.Og sist men ikke minst: Tore Granås er en storartet forteller. Du blir glad i ham også."

Hilsen Johannes Joner


I Västmannen får du oppleve ein heilt særegen forbondes martnasferd i 1877. Forbonden nærer eit brennande hat til ein staværing som under fjorårets martna narra han til å kjøpe ei tønne med rotten spekesild. Målet for årets martnasferd er hemn. På ferda over fjellet råker han ut for fleire uhell, og kvar gong strekkjes ei hjelpande hand ut til forbonden. Godheita endrar noko i han og verker på både verdssynet og tankesettet til forbonden vår.  

Det er skodespelar Tore B. Granås som kroppsleggjer den muntre, men hemngjerrige västmannen. Du finn han i bakgardane, der folk flest samla seg til handel, fest, skjemt, dans og leven i gamal tid.

Monologen vert framført på jamska, ei trøndsk dialekt som er i ferd med å bli borte. Gjer deg klar for eit spennande og levande innsyn i den farlege tradisjonen gjennom historisk forteljarteater på sitt  aller beste.

Handels- og ferdaveiene frå Jamtland til Trøndelag har eksistert i over 1200 år. Frå gamalt av var det dei jamske forbøndene  som sto for det meste av sal og byte av varer på markeda i Trøndelag. Forbønder vart dei kalla, fordi dei køyrte  foror, eller lass, med hest og slede frå Sverige til Trøndelag om vinteren. Denne martnasferda kalla dei sjølv  for västfala.


Forestillingsdetaljer
Av:Torvald Sund
Regi:Arnulf Haga
Scenografi:Erlend Haga
Foto:Espen Storhaug
Med:Tore B. Granås
Ordinære forestillinger