Ei dramatisert lesing av tre forteljingar


Olav Duun budde heime til han var 25 år – med gode historier og eventyr som ein del av kvardagen. I tillegg til hans store romanproduksjon, skreiv Duun også mange noveller og historier der gjenklangen frå forteljarrikdomen i Trøndelag står sterkt.

I prosjektet På leiting med Duun tek vi med oss tre av desse historiene og gjev dei liv gjennom ei enkel scenisk ramme der sjølve teksten og formidlinga av den står i sentrum. Såleis tek vi dei attende til dei gamle forteljartradisjonane og let Duun vera med oss vidare som ein av Trøndelag sine store skattar.

I Duun si dikting finn vi tre sentrale og tilbakevendande tema: Havet, døden og kjærleiken. Karakterane i bøkene hans liknar kvarandre og dei vert ofte stilt overfor dei same dilemma og livsvala: Kampen mellom det gode og vonde, å velje det rette og å overvinne motstand. I desse forteljingane ser vi konturane av Duun sitt rike litterære univers. Men dei skil seg og frå dei sentrale verka gjennom ein vilje til utforsking og leik – det er som om han er på leiting med eit vidare sinn når det gjeld formspråk i desse tekstane. I På leiting gjev Duun oss ei blanding av realisme og eventyr som gjer oss i stand til å forundre oss over livet.

Tre tekstar frå Duun si rike verd

Frå Løgelege skruvar og anna folk:

Um morgonen slik fortel om det trøysteslause slitet for ei kjerring med ein umogleg kall. Ei humoristisk kvardagsskildring som er å kjenne igjen.

Frå Gamal Jord, Sogor frå Namdalen:

Jørgen Jensa er ein drivanes arbeidskar og spåmann. Og i Jørgen kan ein kjenne igjen fleire av Duuns meir kjende karakterar frå seinare dikting.

Frå Vegar og villstig:

På leiting – her kombinerer Duun ein tidvis brutal realisme med eventyrsjangeren i forteljinga om tenestejenta som vart med barn og som når ho vert gamal går ut for å leite etter barnet som ho var tvungen til å gje frå seg.

Ragnhild Vannebo - eit liv med Duun

Ragnhild Vannebo har formidla Duun i over 50 år, både som dramatikar, instruktør og skodespelar. Ho er spesielt kjend for sine Duun-monologar: «Lea på Stranda» og «Tale på Trænet», der ho gjev eit skråblikk på dei mest kjende karakterane hos Duun og deira historie. Turnéteatret i Trøndelag er svært stolte over å ha ein Duunkjennar som Ragnhild Vannebo på scenen når vi no skal ut på leiting saman med Duun.

Forestillinga er ein del av Bokåret 2019 og er støtta av Nationalbiblioteket

Standard Negativ 300X300

Vil du høyre meir om forestillinga eller kjøpe ei visning? Ta kontakt med Stian Johannessen (464 13 288 )

Forestillingsdetaljer
Av: Olav Duun
Regi: Nora Evensen
Med: Ragnhild Vannebo
    • Flatanger30. oktober 2019Flatanger bibliotek kl 19:00
    • Fosnes5. november 2019Fyret kl 13:15
    • Rørvik6. november 2019Vikna bibliotek kl 18:00
    • Nærøy7. november 2019Kolvereid bibliotek kl 18:00
    • Verdal8. november 2019Teaterhuset kl 19:00
    • Stjørdal11. november 2019Skatval bosenter kl 10:30
    • Stjørdal11. november 2019Halsen sykehjem kl 16:00
    • Meldal12. november 2019Meldal bibliotek kl 19:00
    • Orkdal13. november 2019Orkdal bibliotek kl 18:00
    • Berkåk14. november 2019Rennebu bibliotek kl 19:00